Elevar og føresette i 9. og 10. klasse på Kvinlog skule har rydda søppel og skrot langs Kvina for å samla inn pengar til tur med kvite bussar til Tyskland. Dei klarte mellom anna å samla nok skrot til å fylla to konteinarar.
Kommunen er kjempeglad for jobben elevane har gjort. Å rydda søppel og skrot er med på å hindra forureining. For jobben får elevane 10 000 kroner som de kan bruka på turen med kvite bussar. Pengane kjem frå kommunen si tilskotsordning for opprydding på gamle søppelfyllingar: https://www.kvinesdal.kommune.no/miljoe.512129.no.html#p62614349